Referansar
-
Sjøbu i Torsvik
Sjøbua i Torsvik vart oppført i 2021 Bygget er på 5 x 8 meter og har tre grinder. Det er eit tradisjonelt grindbygg med ospekledning og takstein av tegl. I gavelen mot sjøen er det laga eit utbygg på tradisjonelt vis med ei “vinne” for å heisa opp fiskestampen og liknande. Vinna er donert frå eit bruk på Byrknes og har fått sin heidersplass i det nye naustet. Bygget er oppført på pælar og utan inngrep i terrenget, noko som var vanleg i farne tider.
-
Bålhus i Masfjorden
Quinge Grind og Graastein har levert fleire bålhus. Eit av dei står på tunet til skaparen og kan besiktigast der. Bygget er på 2,5 x 3 meter. To grinder, to veggar og benkar. Bygget er eit estetisk tilskot til tunet og er ein lun og tørr plass for gode augneblink i all slag vær. Dette er sjølvsagt avhengig av plassering og vindretning, men det er påfallande godt skydd for været med berre to veggar. Innehavaren kan garantera at det er ein velsigna plass til bålkos, ettertanke og rekreasjon.
-
Grindbygg i Hallingdal
På førespurnad frå kunde har me levert eit grindbygg som skulle nyttast som uthus i Hallingdal. Byggesakshandsamaren i kommunen var frå Bømlo så han hadde absolutt høyrt om grindbygg og me var difor hjarteleg velkomne.
Bygget er på 35 m2 og har tre grinder (5x7 meter). Her blei det støypt eit fundament rundt heile bygget. Slik kunne ein då legga ein bunnsvill på fundamentet og stenga ubodne gjestar ute. Bygget har sjølvbyggarpapp på taket, men skal få torv etter kvart. Veggane er kledde med villmarkspanel, i stil med hytta og praksis i området som gav bygget ein flott utsjånad..
-
Bryllupsgåve på Sør-Kvingo
Innehavaren av verksemda er oppteken av å vidareføra kulturarven og då noverande eigar av bruket på Kvingo skulle gifta seg, fekk brudeparet eit grindbygg i bryllaupsgåve. Bygget vart ein kopi av gardfloren som stod i steingarden mellom innmarka og utmarka. Det gamle bygget låg samanrasa på plassen, men var ikkje meir forvitra enn at det gjekk an å ta nokre vitale mål for å gjennskapa «vårfloren» som stod der.
Bygget er på 4 x 4 meter og fungerer i dag som ein samlingsplass for familien året rundt.
-
Hybel til Caiko
Verksemda har to tilsette. I tillegg til innehavaren er lapphunden Caiko med når noko skal skapast eller byggast. Han er ein godt vaksen kar og måtte sjølvsagt ha sitt eige grindbygg. Eige design bygd etter storleik og behov for brukaren. Bygget kallas for «hybelen» og her ligg han i all slags vær når mor og far er på arbeid eller borte i andre ærend. Bygget er inne i luftegarden hans, der han av og til har besøk av kattane som han bur med.
-
Murarbeid i Masfjorden
Quinge Grind og Graastein kan også utføre mindre tørrmurar av naturstein. Det kan vere fundament under grindbygg eller andre tilstøytane prosjekt.