Tradisjonshandverk frå Masfjorden

  • Grindbygg

    Tradisjonell byggeskikk frå vestlandet. Dei ulike delane i bygget er nøye tilpassa kvarandre og samanføyde med trenaglar. Dette er sterkt og smidig, noko som gjer bygget svært motstandsdyktig mot vind å vær.

  • Gravering

    Set ditt personlege preg på trekonstruksjonar med innfreset tekst, symbol eller former i høg kvalitet. Grindbygg varar gjerne i mange generasjonar og mange ynskjer difor gravere desse med årstal, namn, visdomsord eller anna.

  • Tradisjonelle treleiker og bruksgjenstandar

    Basert på gjenstandar skaparen sjølv vaks opp med. Gyngehestar, kjelke for små born, barnestolar og dokkesenger. Her kjem stadig nye kreasjonar til.

  • Oppdrag på førespurnad

    Med lang erfaring med trearbeid kan me bistå med med kopiering eller fornying av gjenstandar eller realisere din eigen ide. Ta kontakt så tek me ein kostnadsfri vurdering/synfaring på ditt prosjekt

Med fokus på vidareformidling av kulturarven vår for lokale tradisjonelle handverk byggjer Quinge Grind og Graastein ulike konstrukasjar, leiker og bruksgjenstandar. Med bruk av lokale råvarer og ressursar leverast kortreis og bærekraftige produkter til glede for våre kundar.
- Sigvald Kvinge