Gravering

Grindbygga har ei lang levetid. Normalt fleire generasjonar. Mange ynskjer å gravere inn årstalet for når bygget vart sett opp. Eksempelvis Anno 2024. Nokon ynskjer eit namn, ein dato, eit visdomsord, eller andre ting gravert inn i betar, sneddband eller stavleier. Dette er fullt mogeleg og kan, normalt, utførast utan tillegg i pris.

Om det gjeldt ein leveranse frå oss eller ein av dine eigne prosjekt, kan Quinge Grind og Graastein utføre gravering av høg kvalitet på trevirke.