Grindbygg

Grindbygg er ein tradisjonell byggeskikk frå vestlandet. I farne tider var det dårleg tilgang på grovt tømmer langs kysten og denne konstruksjonen er materialbesparande i forhold til lafting som var meir vanleg på austlandet. Bygga har ei lang levetid og før i tida var det vanleg å flytta bygga rundt og bruke dei til ulike føremål gjennom generasjonane.

Meir om grindbygg

Bygga har ei lang levetid og før i tida var det vanleg å flytta bygga rundt og bruke dei til ulike føremål gjennom generasjonane. Spor av dette kan ein sjå på gamle grindbygg som gjerne har vore flytta både to og tre gongar.

Grindbygget er i utgangspunktet ein luftig konstruksjon. Difor var det vanleg å lage ein laftekasse inne i grindbygget dersom ein skulle bu og ha eit varmare opphaldsrom til å bu i. Dei luftige grindbygga var godt eigna for fuktig vestlandsvêr då dei lett turka oppatt i vinden.

Konstruksjon

Grindbygga er basert på modular der ein nyttar grinder. Ei grind består av to stavar, to sneddband og ein bete. Avstanden mellom grindene kan vera ulik, men normalt mellom 3 – 5 meter. Mindre avstand kan nyttast om ein berre skal ha eit lite hus. Så kan ein bygga huset så langt ein vil. Normalt vil eit bygg på 6 meter lengde ha tre grinder og eit bygg på 9 meter, 4 grinder.

På langsidene av grindbygget ligg stavleiene. Desse er opplegg for sperrene og tek utspennkreftene til sperra. Dimensjonen på desse er i hovudsak regulert av avstanden mellom grindene. Er det langt mellom grindene må stavleiene vera kraftigare.

Det er ikkje naudsynt, men Quinge grind og graastein likar best å legge sutak under taktekkinga. Dette stabiliserar bygget og er finare estetisk. Her nyttar ein normalt 1’’ bord frå gran eller furu.

Mange ynskjer å ikkje ha veggar på grindbygget. Nokon vil gjerne ha to veggar, andre alle fire. Dette er sjølvsagt avhengig av ynskje og behov. Kva bygget skal nyttast til, osv. Til ytterkledning er det vanleg å nytta 1’’ ståande bord, festa på horisontale ‘’opplengjer’’. Desse opplengjene er av dimensjon 4’’x4’’ og plassert tre i høgda. Ei oppe, ei på midten og ei nere. Desse kan fungere som hyller for plassering av ulike ting.